
Landets leiande: Kommunalbanken AS (KBN) er den leiande finansinstitusjonen i kommunemarknaden her i landet. Vår marknadsdel for sektoren er på ca 50 prosent. Formålet til KBN er å sikre effektiv konkurranse, og KBN har ein viktig sektorpolitisk funksjon ved å bidra til lågast moglege finanskostnader for kommunesektoren.
Ingen for stor, ingen for liten... KBNs utlån er jamt fordelte på kommunar og fylkeskommunar over heile landet. Dei gunstige rentevilkåra våre gjer at kommunane alltid kontaktar oss for å få lånetilbod.
Prisinga av låna er ikkje volumavhengig, og det er ei viktig målsetjing å tilby heile kundegruppa like fordelaktige rentevilkår. Ønskjer kommunen ekstra gunstig rente, snakk med oss om Klima- og miljøplanen. Vi kan tilby grøn p.t.-rente.
Topp kreditvurdering senkar innlånskostnadene.KBN har den høgast oppnåelege kredittvurderinga, Aaa/AAA, frå dei internasjonale ratingbyråa Moody's og Standard & Poor's. Dette er ei tilsvarande kredittvurdering som den norske staten har. Topp kredittvurdering gir gunstige innlånsvilkår, og er avgjerande for prisen på lån til kommunane.
Meir om vår rating på dei engelske sidene våre.
Kompetanse. Gjennom tiår har vi tileigna oss kompetanse og fagkunnskap for nettopp å bli den føretrekte finansaktøren for Kommune-Noreg.
Etablert i 1926.KBN vart organisert som aksjeselskap 1. november 1999, som ei vidareføring av statsbanken Norges Kommunalbank, etablert i 1926. Fram til 26. juni 2009 åtte staten 80 prosent av aksjane og Kommunal Landspensjonskasse (KLP) 20 prosent.
Som følgje av at staten kjøpte KLPs eigardel i KBN 26. juni 2009, eig staten 100 prosent av aksjane i KBN, som frå nemnde dato er eit statsaksjeselskap.
|
Kommunalbankens sentralbord |
+ 47 21 50 20 00 |
|
Telefaks |
+ 47 21 50 20 01 |
|
E-post |
|
|
Org.nr |
981203267 |
|
Besøksadresse |
Haakon VIIs gate 5 b, Oslo. Se kart |
|
Postadresse |
Postboks 1210 Vika, 0110 Oslo |
|
Transport |
Nærmeste holdeplass for tog, buss, trikk er Nationaltheateret. |